Livny

Koordinatar: 52°25′00″N 37°36′00″E / 52.41667°N 37.60000°E / 52.41667; 37.60000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Livny
Ливны
Horisonten til Livny
Horisonten til Livny
Flagget til Livny Byåpenet til Livny
Flagget til Livny Byvåpenet til Livny


Plassering
Livny is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Orjol oblast
Først nemnd i
Bystatus
1177
1586
Geografi
Flatevidd
 - By

32,6 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

51 300
  1 573,6 /km²
Koordinatar 52°25′00″N 37°36′00″E / 52.41667°N 37.60000°E / 52.41667; 37.60000
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 30385x
Retningsnummer (tlf) (+7)48677

Livny (russisk Ливны) er ein by i Orjol oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sosna, ei sideelv til Don, rundt 120 km søraust for Orjol.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart første gong nemnd på 1100-talet. I 1556 vart det bygd eit trefort kalla Ust-Livny ved bredda av elva Livenka,. Festninga var viktig for forsvaret av Storfyrstedømet Moskva i sør mot åtak frå krimtatarar opp langs Muravskij-ruta.

Tredve år seinare sendte Ivan den skrekkelege fyrst Masalskij for å bygge byen Livny under ein garnison stasjonert ved fortet. Byen vart plyndret og brent av tatarane fleire gonger. I 1606 gjekk innbyggjarane i Livny til opprør mot Boris Godunov og drap guvernøren hans og erklærte støtta si til Falske Dmitrij I. To år seinare valde Ivan Bolotnikov byen som base for sine militære felttog mot Vasilij IV.

I 1618 vart byen brend av Petro Konasjevytsj sine kosakkar. Krimtatarane gjekk til åtak på byen att i 1661 og brente han ned til grunnen. Så snart tataråtaka gav seg, starta ein velstandsperiode for byen. På 1800-talet var Livny ein stor rival for Jelets som det viktigaste handelssentrumet i området.

Kjende personer frå Livny[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.