Livssynshumanisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Livssynshumanisme, human-etikk eller sekulær humanisme er ei grein av humanismen som står for ein ikkje-religiøs måte å sjå verda på. Han oppstod under opplysningstida som ein reaksjon mot den kyrkjelege dominansen og autoriteten ved universiteta og i staten. Dei første representantane for denne retninga var likevel som regel kristne. Ein meir vidtgåande form av ikkje-religiøsitet er den profane humanismen, som er direkte ateistisk og heilt avviser trua på ein gud, og som oppstod først på 1800-talet.

Den viktigaste sekulær-humanistiske organisasjonen i Noreg er Human-Etisk Forbund.

Kva står livssynshumanismen for?[endre | endre wikiteksten]

Den internasjonale humanistiske paraplyorganisasjonen, International Humanist and Ethical Union (IHEU), skriv i sin grunnleggjande definisjon av humanisme:

«Humanisme er eit demokratisk og etisk livssyn, som hevdar at menneske har både rett og plikt å gi meining og form til sine eigne liv. Han står for oppbygginga av eit meir menneskeleg samfunn gjennom ein etikk basert på menneskelege og andre naturlege verdiar i ei ånd av fornuft og fri søking gjennom menneskelege evner. Han er ikkje teistisk (gudebasert) og godtek ikkje overnaturlege skildringar av røynda.» (Minimum Statement on Humanism).

Humanisme er eit livssyn som står for menneskeleg fornuft, etikk og rettferd, og avviser det overnaturlege, pseudovitskap og overtru. Bortsett frå behovet for å sikre at medlemsorganisasjonane er verkeleg humanistiske, forkastar humanismen dogme, og pålegg ikkje medlemene noka tru unnateke minimumsfråsegna referert ovanfor.

Appell[endre | endre wikiteksten]

Humanismen har særleg appell til agnostikarar, ateistar, empiristar, fritenkjarar, rasjonalistar og vitskaps-skeptikarar. Dette fordi humanismen er ikkje-gudeleg og sekulær (verdsleg).

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Fil:Humanism.png
Happy Human

Happy Human er det offisielle symbolet til den internasjonale humanistorganisasjonen IHEU og blir allment sett på som symbolet for humanistar.

Feiringar[endre | endre wikiteksten]

Somme humanistar feirar høgtider som til dømes jul, men då som sekulære festdagar heller enn religiøse, medvitne om at desse dagane er før-kristne i opphav. Mange humanistar feirar såleis sol-snuinga midtvinters, som òg er opphavet til julefeiringa.

IHEU feirar blant anna Verdshumanistdagen 21. juni, Darwindagen 12. februar og Menneskerettsdagen 10. desember.

Humanistorganisasjonar finst i alle verdsdelar, men ein av dei største etter folketalet er den norske Human-Etisk Forbund, med ca 70 000 medlemer.

Somme nasjonale humanistorganisasjonar, særleg i Nord-Europa, organiserer sekulære konfirmantseremoniar som alternativ til religiøse konfirmasjonar.

Kamp for likestilling av truer og livssyn[endre | endre wikiteksten]

I visse område av verda er humanismen i særleg sterk konflikt med religiøs fundamentalisme. Særleg når det gjeld spørsmålet om skilje mellom religion og stat.

Ateistar, rasjonalistar og agnostikarar støttar gjerne humanismen, men desse tankeretningane er i utgangspunktet opptekne av det metafysiske, medan humanismen ignorerer metafysiske spørsmål og fokuserer på etikk. Det er derfor rettast å seie at desse tankeretningane er nært slekta med den sekulære humanismen, men ikkje identiske med han.

Humanisme er då eit ikkje-gudeleg livssyn, og skal vere omfatta av religionsfridomen. Den internasjonale fråsegna om sivile og politiske rettar talar såleis om fridom for religionar og livssyn («freedom of religion and beliefs»).

Kjende humanistar[endre | endre wikiteksten]

Av internasjonalt kjende humanistar kan nemnast døme som Isaac Asimov, Richard Dawkins, E.M. Forster, Aldous Huxley, Somerset Maugham, Yehudi Menuhin, Salman Rushdie, Peter Ustinov og Kurt Vonnegut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen. art. Humanism (life stance).