Ljubav je svuda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Ljubav je svuda»
Singel av Moje 3
Land Serbia
Språk Serbisk
Utgjeve 2. mars 2013
Sjanger Pop
Lengd 3:06
Låtskrivar(ar) Saša Milošević og Marina Tucaković

«Ljubav je svuda» (serbisk «Љубав је свуда») er det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på serbisk av Moje 3. Songen er skriven av Saša Milošević og Marina Tucaković.

Beosong 2013[endre | endre wikiteksten]

Moje 3 sendte inn «Ljubav je svuda» Radio-televizija Srbije (RTS) og songen vart valt ut som eit av 15 bidrag som fekk delta i Beosong 2013, den serbiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013.

Semifinalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer éin, før «Moja svetlosti» av Igor Terzija. Bidraget vann med 10 994 SMS-røystar og gjekk vidare til finalen saman med fire andre bidrag.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer fem, etter «Halo» av Marija Mihajlović. Bidraget vann med 25 959 SMS-røystar og får representere Serbia i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Ljubav je svuda»
ESC2013 - Serbia 1.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Serbia
Artist(ar) Mirna Radulović, Nevena Božović og Sara Jovanović
Alias Moje 3
Språk Serbisk
Komponist(ar) Saša Milošević
Låtskrivar(ar) Marina Tucaković
Resultat
Finalepoeng X
Finaleplass X
Serbia i Eurovision Song Contest
«Nije ljubav stvar»
(2012)
«Ljubav je svuda»

I samband med at «Ljubav je svuda» vann Beosong 2013 får songen òg representere Serbia i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Serbia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer 16, etter Belgia med «Love Kills» av Roberto Bellarosa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Serbiske songar i Eurovision Song Contest