Ljubljanica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ljubljanica
Ljubljanica renn gjennom Ljubljana
Ljubljanica renn gjennom Ljubljana
Munning Sava
Land i nedslagsfelt Flag of Slovenia.svg Slovenia
Lengd 41 km

Ljubljanica er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og 20 km av ho renn gjennom grotter, slik at elva har sju forskjellige namn. Elva renn gjennom hovudstaden i Slovenia, Ljubljana. Ljubljanica er ei av sideelvane til Sava og dei to renn saman om lag 10 km nedanfor Ljubljana.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygningar ved breidda av Ljubljanica

Ljubljanica har vorte ein populær stad for arkeologar og skattejegerar som dykkar etter tapte gjenstandar. Mellom Ljubljana og Vrhnika har ein funne spor frå steinalderen til renessansen og fleire forskjellige folkegrupper som gamle lokale kulturar til dei meir kjende romarane og keltarane.

Kvifor det vart kasta så mykje i Ljubljanica er omstridd, men dei fleste historikarar meiner at elva kan ha vore ein lokal heilag stad. Mykje av det som skattejegerane har funne er seld til private samlarar, noko som har ført til strid mellom dei internasjonale skattejegerane og dei lokale historikarane. I 2003 innførte derfor dei slovenske styresmaktene forbod om å dykke i elva utan særskild løyve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°05′N 14°38′E