Ljusterö
| Ljusterö | |
| øy | |
| Land | |
|---|---|
| Len | Stockholms län |
| Kommune | Österåker kommun |
| koordinatar | |
| Areal | 62,05 km² |
| Folketal | 1 591 |
Ljusterö er ei øy i Sverige. Ho ligg nord i Stockholms skjergard i Österåker kommun i Stockholms län. Øya ligg om lag 65 km nord for sentrum av Stockholm.
Med eit areal på 62 km², er den 17. største øya i Sverige.[1]
Det går ferjesamband til fastlandet frå Östanå og båt til sentrum av Stockholm.
Ho har kring 1500 fastbuande, medan 25 000-30 000 vitjar øya og dei mange sommarhusa her om sommaren.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
Ljusterö var ein eigen kommune fram til 1967, då han vart ein del av Österåker kommun. I 1974 vart heile Österåker kommun ein del av Vaxholm kommun, men sidan 1983, har Ljusterö vore ein del av den nye Österåker kommun.
Ljusterö vindmøllepark[endre]
Det er planlagt ein vindmøllepark på Ljusterö med 23 vindturbinar, som kvar kan produsere to megawatt. Prosjektet er kraftig kritistert av dei mange sommarturistane.
Galleri[endre]
-
Utsyn frå Ljusterö huvud, Furusundsleden mot nord.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ljusterö» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Statistisk årsbok 2011» (på svensk). SCB. p. 12. Arkivert frå originalen. Mal:Citation error. http://www.webcitation.org/5zxLyViMj.