Ljutoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ljutoga er òg eit tidlegare namn på byen Aniva
Ljutoga
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 1 530 km²
Lengd 130 km
Middelvassføring 31,7 /s
Munning Anivabukta
Kart
Ljutoga
47°14′33″N 142°21′21″E / 47.242413888889°N 142.35593333333°E / 47.242413888889; 142.35593333333

Ljutoga (russisk Лю́тога) er ei elvSakhalin i Russland, den tredje største på øya. Elva er 130 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 530 km². Elva har ei middelvassføring på 31,7 m³/s.

Elva renn gjennom Kholmsk og Aniva rajon i Sakhalin oblast. Ho startar på vestsida av Mitsulskijfjella, som høyrer til den vestlege fjellkjeda på Sakhalin. Ho renn gjennom ein brei dal frå nord til sør og munnar ut i Anivabukta i Okhotskhavet. Ved munningen ligg byen Aniva, som før 1905 hadde same namn som elva. Det er fleire forholdsvis store landsbyar langs elva, som Pjatiretsjie, Tsjaplanovo, Ogonki og Petropavlovskoje.

Elva er 145 meter brei ved munningen. Vassføringa hennar er vanlegvis størt i april og minst i midten av september. Frå byrjinga av desember til midten av april er elva dekt av is.

Dei største sideelvane hennar er Bystraja, Tsjpian, Kamenka og Okulovka frå venstre, og Tiobut, Bezymjanka, Tsjernoziomka og Narian-Mar frå høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]