Llanos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solnedgang over det sentrale Llanos, Guárico , Venezuela.
Foto: Christian Sánchez

Los Llanos i tydinga slettelandet er ei vid tropisk grasslette som ligg i nordvestre Sør-Amerika (Colombia og Venezuela). Opphavleg var llano det spanske ordet for slette, men utvikla seg til å bli den latinamerikanske termen for det som svarar til det nordamerikanske steppelandet prærien. World Wildlife Fund har definert Llanos som ein av 200 prioriterte økoregionar for vern.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga av dette savanneøkosystemet er ikkje klart definert, men somme skildrar det som ein økoregion avgrensa av vasskilet Amazonas i sør, Andes i vest, Guayanahøgslettene i aust og sør, kystfjellområda nord i Venezuela og Orinocodeltaet i nordaust. I lengderetning er dette om lag 1200 til 1300 kilometer.[2] Arealet tilsvarar då kring 550 000 kvadratkilometer. Llanos i Venezuela dekkjer meir enn ein fjerdepart av landarealet, ca 240 000 km². [3] I Venezuela inngår store delar av delstatane Apure, Guárico, Barinas, Portuguesa, Cojedes, Anzoátegui og Monagas i regionen, medan desse departementa i Colombia inngår: Arauca, Casanare og Meta aust om Andes og Vichada. Den administrative regionen Llanos i Venezuela femnar om delstatane Apure og Guárico. Sidan hovudelvesystemet i Llanos er Orinoco er regionen òg kalla Llanos del Orinoco.

Landskapet senker seg gradvis frå dei høgare område i omkrinsane, men høgda på Llanos er typisk under 100 moh. i Venezuela og mellom 200 og 600 moh. i Colombia.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Llaneroar som svarar til gauchoarpampasan har gjett store mengder storfe her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ecoregions in Latin America & Caribbean Region
  2. The Nature Concervancy: The Llanos of Colombia, arkivert frå originalen 28. oktober 2007, henta 24. november 2007 
  3. Eulogio J. Chacón Moreno, Mapping ecosystems, landscape changes, and plant, species distribution in Llanos del Orinoco, Venezuela, doktorgradsavhandling ved International Institute for Geo-information Science and Earth Observation, Nederland [daud lenkje]
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.