Llyn Brenig

Koordinatar: 53°05′N 3°32′W / 53.083°N 3.533°W / 53.083; -3.533
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Llyn Brenig
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Areal 3,7 km²
Kystlengd1 23 km
Koordinatar 53°05′N 3°32′W / 53.083°N 3.533°W / 53.083; -3.533
Kart
Llyn Brenig
53°05′00″N 3°32′00″W / 53.083333333333°N 3.5333333333333°W / 53.083333333333; -3.5333333333333
Wikimedia Commons: Llyn Brenig
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Llyn Brenig er eit vassreservoar i North Wales, i hjartet av Denbigh Moors, på grensa mellom grevskapa Conwy og Denbighshire. Det vert nytta til å kontrollere vassnivået i River Dee som ein del av reguleringssystemet i elva, som vernar vassforsyninga for Nordvest-England og Nordaust-Wales, særleg Liverpool og området kring.

Reservoaret[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av demninga starta i 1973 og stod ferdig i 1976. Reservoaret har ein kapasitet på 60 millionar og vart først fylt i 1979. Det har eit overflateareal på 3,7 km² og er dermed den fjerde største innsjøen i Wales. Innsjøen har ei kystlengd på 23 km.

Tilsigsområdet til reservoaret er ikkje stort nok til å fylle det i løpet av eitt år. Det vil sei at når reservoaret vert tappa, så kan det ta fleire år før det vert heilt fylt opp att.[1] Llyn Brenig vert derfor berre nytta under tørkeperiodar når kapasiteten til Llyn Celyn og Llyn Tegid ikkje lenger klarar å halde vassnivået i River Dee oppe.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Under bygginga av reservoaret vart det funne fleire lekamar frå bronsealderen og ein leir frå mellomsteinalderen for jegerar og samlarar. Ved hjelp av radiokarbonanalysar av kol frå eldstadane ved leiren vart leiren datert til kring 5700 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H Smithers; S Walker (April 1997). «Reassessment of water resources in northwest England as a result of the 1995-1996 drought» (PDF). Sustainability of Water Resources under Increasing Uncertainty (Proceedings of the Rabat Symposium S1) (på engelsk). IAHS. s. 179. Arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2011. Henta 3. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]