Llyn Cowlyd

Koordinatar: 53°08′N 3°55′W / 53.133°N 3.917°W / 53.133; -3.917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Llyn Cowlyd
innsjø
Nordaustover langs innsjøen
Land  Storbritannia
Innsjøtype naturleg innsjø, reservoar
Høgd over havet 355 moh.
Areal 1,1 km²
Middeldjupn 33 m
Største djupn 70 m
Koordinatar 53°08′N 3°55′W / 53.133°N 3.917°W / 53.133; -3.917
Kart
Llyn Cowlyd
53°08′00″N 3°55′00″W / 53.133333333333°N 3.9166666666667°W / 53.133333333333; -3.9166666666667
Wikimedia Commons: Llyn Cowlyd

Llyn Cowlyd er den djupaste innsjøen i North Wales. Han ligg i Snowdonia nasjonalpark langs Carneddau-fjella, 355 meter over havet. Innsjøen er lang og smal og er nesten 3 km lang. Han dekkjer eit areal på 1,1 km², ei middeldjupne på 33 meter og er ned mot 70 meter på det djupaste.

Innsjøen er eit reservoar som forsyner vatn til byane Conwy og Colwyn Bay. Llyn Cowlyd er eit av to reservoar som forsyner vasskraft til aluminumsverka i Dolgarrog. Den andre er Llyn Eigiau, som vart fysisk knytt til Llyn Cowlyd via ein tunnel i 1919 og dette er vatnet som renn ut i innnsjøen ved demninga.

Demninga er kring 10 meter høg og står i nordaustenden. Han består av stein og jord, med betong i midten. Demninga vart offisielt opna i 1922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Llyn Cowlyd» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
  • The lakes of North Wales av Jonah Jones, Whittet Books Ltd, 1987
  • The lakes of Eryri av Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]