Llyn Crafnant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Crafnant
Llyn Crafnant - Frå toppen av Crimpiau
Frå toppen av Crimpiau
Stad North Wales
Koordinatar 53°7′57″N 3°52′12″WKoordinatar: 53°7′57″N 3°52′12″W
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Overflateareal 25 hektar
Største djupne 22 m

Llyn Crafnant er ein innsjø nord i Wales der nordenden av Gwydir-skogen møter foten av Carneddau-fjella og ryggen av Cefn Cyfarwydd. Innsjøen er kring 25 hektar stor og om lag 1,5 km lang.

Frå Llyn Crafnant

Innsjøen er eit reservoar og vart demd opp i nordenden i 1874, men demninga er berre så vidt synleg sidan vatnet fossar bratt ned over dammen. Ved utløpet står ein obelisk, reist i 1896 av innbyggjarane av Llanrwst som eit minnesmerke over vatnet byen fekk frå reservoaret.

River Crafnant møter River Conwy ved Trefriw.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Llyn Crafnant» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
  • The lakes of North Wales av Jonah Jones, Whittet Books Ltd, 1987
  • The lakes of Eryri av Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985
  • Bathymetrical Survey of the lakes of Snowdonia, av T.J. Jehu, The Royal Society of Edinburgh, 1902