Llyn Elsi

Koordinatar: 53°4′48″N 3°49′6″W / 53.08000°N 3.81833°W / 53.08000; -3.81833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Llyn Elsi
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype naturleg innsjø, reservoar
Koordinatar 53°4′48″N 3°49′6″W / 53.08000°N 3.81833°W / 53.08000; -3.81833
Øyar 1
Kart
Llyn Elsi
53°04′48″N 3°49′06″W / 53.08°N 3.8183333333333°W / 53.08; -3.8183333333333
Wikimedia Commons: Llyn Elsi

Llyn Elsi er ein innsjø oppfor landsbyen Betws-y-coed i Snowdonia nasjonalpark i Nord-Wales. Det er eit reservoar som gjev vatn til landsbyen.

Det går ein sti rundt vatnet, og i ei høgd på over 200 meter gjev han godt utsyn nordvestover mot fjella Carneddau og Glyderau. Sjølve Snowdon er ikkje synleg bak Moel Siabod.

Ein 6 meter høge demninga vart bygd i 1914, men vatnet er likevel ikkje djupare enn 9,5 meter. Før dette var innsjøen faktisk to mindre vatn, kalla Llyn Rhisgog og Llyn Enoc. Det ligg ei lita øy i vatnet. Det vert sett ut aure i vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]