Llyn Geirionydd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Geirionydd
Llyn Geirionydd -
Stad Snowdonia, North Wales
Koordinatar 53°7′53″N 3°50′57″WKoordinatar: 53°7′53″N 3°50′57″W
Utsig Afon Geirionydd
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Overflateareal 18 hektar
Største djupne 15 meter

Llyn Geirionydd ligg i ein dal i Nord-Wales der nordenden av Gwydyr Forest møter foten av Carneddaufjella. Innsjøen er nesten 1,4 km lang og dekkjer eit areal på 18 hektar. Han er ikkje djupare enn 15 meter nokon stad.

Elva Afon Geirionydd renn ut frå Llyn Geirionydd og gjennom eit bratt gjel, som er populært å gå gjennom. I botn av gjelet ligg restane av Klondyke Mill, som nytta vatnet i elva. Det gjekk ein taubane frå mølla og nedover til vegen nedfor vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]