Llyn Melynllyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Melynllyn
Llyn Melynllyn -
Stad Snowdonia i Nord-Wales
Koordinatar 53°10′20″N 3°56′39″WKoordinatar: 53°10′20″N 3°56′39″W
Utsig Afon Melynllyn
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Overflateareal 7,5 hektar
Høgd over havet 600 moh

Llyn Melynllyn er ein innsjø på kanten av Carneddau-fjella i Snowdonia i Nord-Wales. Han ligg like over 600 meter over havet og har eit areal på 7,5 hektar. Bratte klipper stig opp på vestsida opp til toppen av Foel Grach.

Det vart bygd ei lita demning i nordenden i 1887, men denne vart det slått hol på i 1970. Innsjøen er reservoar for Llandudno-området. Mindre enn ein kilometer mot nord ligg den større Llyn Dulyn.

Elva som renn ut frå innsjøen heiter Afon Melynllyn, og renn nordaustover mot Afon Dulyn, som igjen er ei sideelv til River Conwy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]