Lobe den Herren, den mächtigen König der Ehren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lobe den Herren, den mächtigen König der Ehren
BWV 137
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 19. august 1725
Publiseringsdato 1881
Typisk lengd 15:05
Satsar 5

Lobe den Herren, den mächtigen König der Ehren, BWV 137, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den tolvte sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 19. august. Stykket vart framført på nytt 1746-1747 i Leipzig.

Teksten er skriven av Joachim Neander.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, tre oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Lobe den Herren, den mächtigen König der Ehren», Koral
  2. «Lobe den Herren, der alles so herrlich regieret», Arie for alt
  3. «Lobe den Herren, der künstlich und fein dich bereitet», Arie for sopran & bass
  4. «Lobe den Herren, der deinen Stand sichtbar gesegnet», Arie for tenor
  5. «Lobe den Herren, was in mir ist, lobe den Namen», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]