Loch Alsh

Koordinatar: 57°16′N 5°40′W / 57.27°N 5.66°W / 57.27; -5.66
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°16′N 5°40′W / 57.27°N 5.66°W / 57.27; -5.66

The Kyle (snevringa) i Loch Alsh og Skye Bridge
Kart

Loch Alsh eller Lochalsh (frå skotsk-gælisk Loch Aillse, «skummande innsjø») er ein sealoch eller ein fjord mellom øya Skye i Indre Hebridane og Northwest Highlands i Skottland. Namnet vert òg nytta om det omliggande landskapet og lenseigedomar rundt fjroden. Området har ei rik historie og aukande turisme.

I åslandskapet rundt Loch Alsh finn ein noko beitemark og skog, men det meste er lyngheilandskap. Bergartane her er gneis frå prekambrium og nokre av dei eldste bergartane i verda.

Dei første kjende innbyggjarane her var piktarar, men seint på 500-talet vart Loch Alsh ein del av det gæliske øyriket Dál Riata. Mellom 700-talet og 1200-talet kjempa Noreg og Alba om området, og det var ofte styrt av sjølvstendige høvdingar. Det vart ein del av Kongedømet Skottland etter 1266, men lokale klanar kjempa ofte mot dei sentrale styresmaktene fram til 1745. For å hindre fleire opprør vedtok styresmaktene i 1746 lover som braut bandet mellom klanleiarane og folket deira. Eit indirekte resultat av dette var at folk gradvis gjekk over frå å vere leiglendingar til sauebønder. Dette og potetsvelt i 1846-52 tvinga mange folk til å flytte. I dag er området tynt folkesett og økonomien er hovudsakleg basert på turisme.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjorden strekkjer seg om lag 12 km frå Kyle of Lochalsh til Ardelve. Frå her held Loch Duich fram vidare søraustover 10 km til Shiel Bridge medan Loch Long går djupare inn i fjella i nordaust. Eit smalt sunn på sørsida av Loch Alsh endar opp i Sleatsundet som skil Isle of Skye frå fastlandet. Oppfor fjorden ligg Sgurr na Coinnich på Skye, på 739 meter over havet. På fastlandet finn ein Auchtertyre Hill (452 moh) og Sgurr Mor (344 moh)..[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Loch Alsh, Glen Shiel og Loch Hourn, Ordnance Survey, 2007, ISBN 9780319229910