Loch Bracadale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn nordvestover frå Fiskavaig over Loch Bracadale med Oronsay, Wiay, Tarner Island og Harlosh Island i bakgrunnen

Loch Bracadale er ein sealoch eller fjord på vesktysten av Skye i Skottland.

Loch Bracadale og sidefjordane i botn - Harport, Vatten, Caroy, Bharcasaig, na Faolinn og Loch Beag - dannar eit av dei største fjordsystema rundt kysten av Skye.[1] Det vert drive fiske- og muslingoppdrett i det grunne farvatnet. I fjorden ligg Harlosh Island, Tarner Island, Wiay og tidvassøya Oronsay utanfor neset Ullinish.

Like utanfor Idrigill Point i vest ligg klippene Macleod's Maidens.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°19′49″N 6°31′10″W