Loch Carron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strome Castle ved kysten av Loch Carron
Loch Carron mot Applecrosshalvøya

Loch Carron (skotsk-gælisk Loch Carrann) er ein sea loch eller fjord på veskysten av Ross and Cromarty i Highland i Skottland. Det er staden der River Carron munnar ut i havet.

I følgje sjøkart er tidvasstraumen i dei smalaste partia 3 knop (5,5 km/t), men det er få krusingar i straumen. På det smalaste er djupna mindre enn 20 meter, medan ho er meir enn 100 meter på begge sider av det smale partiet.[1] Nedanfor klippene ved Strome Castle finst ein koloni med reirskjel.

Landsbyen Lochcarron ligg ved fjorden, som han er kalla opp etter. Ein annan landsby ved vestenden av fjorden er Plockton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°22′N 5°31′W