Loch Ericht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Ericht
Loch Ericht - Utsyn frå Beinn Bheòil
Utsyn frå Beinn Bheòil
Stad Flag of Scotland.svg Skottland
Koordinatar 56°51′N 4°21′WKoordinatar: 56°51′N 4°21′W
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 23 km
Overflateareal 18 km²
Høgd over havet 351 moh

Loch Ericht (skotsk-gælisk Loch Eireachd) er ein innsjø på grensa mellom Perth and Kinross og Highland i Skottland. Han ligg 351 meter over havet og er orientert frå nordaust til sørvest. Landsbyen Dalwhinnie ligg nordaust for innsjøen. Innsjøen er 23 km lang og har eit areal på kring 18 km².[1]. Loch Ericht er den tiande største innsjøen i Skottland og har rykte som eit godt aurevatn.[2]

Innsjøen er ein del av eit vasskraftvassdrag og er demd opp i begge endar. Vatnet renn inn i nord via Cuaich Aqueduct. I sør går vatnet til vasskraftverket ved Loch Rannoch via den 6 km lange River Ericht. Den nordlege demninga vernar landsbyen Dalwhinnie frå flaum.

Loch Ericht er omgjeve av fleire høgre fjell, mellom anna Ben Alder (1148 moh) og Geal Charn (1132 moh)[3]. Det ligg tradisjonelle jaktområde kring innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]