Loch Fleet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn frå Littleferry og innover land

Loch Fleet (skotsk-gælisk Loch Fleòid) er ein sea loch eller ein fjord på austkysten av Skottland, mellom Golspie og Dornoch. Han er ein del av estuaret til elva Fleet, ei lita elv som spring ut i åsane aust for Lairg.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Loch Fleet er ein grunn fjord med sandbankar og omfattande sandflater, mudderflater, marskland og sanddyner.[1]

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Dornoch Firth og Loch Fleet særskilde verneområde (SPA) opperetta for å verne om dyrelivet her. Området dekkjer Loch Fleet, Dornoch Firth, Morrich More, Mound Alderwoods og Tarbat Ness.[1] Joint Nature Conservation Committee skildrar området som «eit av dei beste døma i Nordvest-Europa på eit stort estuar som ikkje er påverka av industriell utvikling».[1]

Av fuglar som finst her finn ein fiskeørn, som hekkar her og dei overvintrande lappspove, grågås, brunnakke, spove, strandsnipe, tjeld og krikkand.

I botn av fjorden finn ein svarorskog.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av Skelbo Castle ligg på sørsida av fjorden.

Slaget ved Littleferry vart utkjempa dagen før slaget ved Culloden i 1746. Sutherland-militsen kom ned frå åsane oppfor Golspie og gjekk til åtak på rundt 500 mann leia av jarlen av Cromarty. Cromarty vart omringa på Littleferryhalvøya på nordaustsida av fjorden og anten drepne, fanga eller drukna i fjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]