Loch Fyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Fyne

Loch Fyne (skotsk-gælisk Loch Fìnn, tyder «Vinfjorden», sjølv om det alrdi har eksistert vindruer her) er ein sea loch eller fjord på vestkysten av Argyll and Bute i Skottland. Han strekkjer seg 65 km innover frå Sound of Bute, og er dermed den lengste sea loch i landet. Han er knytt til Sound of Jura via Crinan-kanalen.

Loch Fyne er kjend for østersfiske og har gjeve namn til den lokale Loch Fyne Oysters. Han er òg kjend for sildefiske, særleg ved hjelp av drivgarn. På midten av 1800-talet var Loch Fyne i sentrum for ein kamp mellom dei tradisjonelle drivgarnfiskarane og dei nye trålarfiskarane, som dukka opp rundt Tarbert og Campbelltown i 1833.[1]

Loch Fyne er ein populær stad for dykking og fiske. Han er òg ein populær turistdestinasjon med attraksjonar som Inveraray Castle og dei nærliggande ruinane av Castle MacEwan og Castle Lachlan.

Landsbyen Portavadie ligg på austsida av fjorden.

Det finst delfin, sel og oter i fjorden, og sommaren er det mogeleg å sjå brugder.

Over ein halv million soldatar vart trena i landgang frå amfibievogner ved Loch Fyne i tida før D-dagen.

Nord for fjorden ligg fjella Arrochar Alps, Beinn Bhuidhe, Glen Shira, Glen Fyne, Glen Croe, Arrochar, Tyndrum og Loch Lomond ligg i nærleiken.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Rinn-Net Fishermen, Martin

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°03′57.25″N 5°17′03.93″W