Loch Kishorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Kishorn frå nær Sanachan
Frå Achintraid over Loch Kichorn. Kishorn Yard låg på den andre sida.

Loch Kishorn (skotsk-gælisk Loch Ciseorn) er ein fjord (sea loch) nordvest i Highland i Skottland. Loch Kishorn skil halvøya Applecross frå Lochcarron-området. Fjorden er kring 1,5 kilometer vid, og 4 km lang. Ut mot havet er det nokre øyar, den største av desse er Kishorn Island.

Tre små busetnader ligg langs den sørlege sida av fjorden. Samla vert desse kalla Kishorn. Sør for Kishorn ligg to små fjell: An Sgurr og Bad a'Chreamha.

Kishorn-verftet[endre | endre wikiteksten]

Verftet Kishorn Yard vart nytta til å byggja oljeplattformar ved Loch Kishorn. Verftet vart eigd av ingeniørfirmaet Howard Doris, og vart nytta frå 1975 til 1987. Loch Kishorn er veldig djup, og ein kunne laga ein byggjedokk for plattformer av betong. Oljeplattforma Ninian Central vart bygd fram mot 1978, på den tida det største flyttbare byggverket nokonsinne.

The Kishorn Commandos[endre | endre wikiteksten]

Gordon Menzies i folkemusikkgruppa Gaberlunzie skreiv ein song kalla «The Kishorn Commandos», refrenget er slik:

We're the Kishorn Commandos way up in Wester Ross
We've never had a gaffer, we've never had a boss
But we'll build the biggest oil-rig you've ever come across
Remember we're the Kishorn Commandos

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]