Loch Monzievaird

Koordinatar: 56°23′15″N 3°52′48″W / 56.38750°N 3.88000°W / 56.38750; -3.88000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Loch Monzievaird er ein innsjø i Skottland i regionen Perthshire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kong Kenneth III av Skottland vart drepen i slaget ved Monzievaird i 1005.[1]

På nordsida av innsjøen ligg ruinane av dn gamle festninga Castle Cluggy. Dette var opphavleg heimstaden til herrane frå Ochtertyre. Festninga vart omtalt som «eldgammal» i eit dokument frå 1467. Festnina høyrte til Red Comyn, som vart drepen i 1306 av Robert the bruce i klosteret til minorittane (Greyfriars Kirk) ved Dumfries. Ein trur at Murray Baronet var den siste som budde i borga på midten av 1600-talet.

Om lag 80 meter mot vest ligg restane etter ei lita, kunstig øy, der det stod eit fengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The House Of MacAlpin». Henta 31. august 2010. 

56°23′15″N 3°52′48″W / 56.38750°N 3.88000°W / 56.38750; -3.88000