Loch Nevis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Loch Nevis er ein sea loch eller ein fjord i Lochaber på vestkysten av Skottland.

Fjorden strekkjer seg innover frå Sound of Sleat og grensar til halvøya Knoydart i nord og North Morar i sør. Ein liten passasjerbåt kryssar Loch Nevis mellom byen Mallaig og landsbyen Inverie i Knoydart og grensa Tarbet.[1]

Det ligg fleire fiskeoppdrettsanlegg i fjorden og i mai 1998 var dette første staden der ein registrerte smittsam lakseanemi i Skottland.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Knoydart Ferry Service». Bruce Watt Cruises. http://www.knoydart-ferry.co.uk/index.html. Henta 16. januar 2010. 
  2. «Report details disease links». BBC News. 12. juni 2001. 

Koordinatar: 57°0′N 5°41.5′W