Loch Rannoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Rannoch
Loch Rannoch - Utsyn mot Schiehallion
Utsyn mot Schiehallion
Stad Perth and Kinross i Skottland
Koordinatar 56°40′59″N 4°18′50″WKoordinatar: 56°40′59″N 4°18′50″W
Utsig River Tummel
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 15 km

Loch Rannoch (skotsk-gælisk Loch Raineach) er ein stor innsjø i Perth and Kinross i Skottland.

Innsjøen er 15 km lang frå vest til aust med ei gjennomsnittlege breidde på om lag 1 km. River Tummel spring ut frå austenden. Tay Forest Park ligg langs sørsida av innsjøen. Den ville Rannoch Moor strekkjer vestover frå innsjøen og var tidlegare ein del av Den kaledonske skogen, som dekte det meste av Nord-Skottland. Dette veit ein etter furustubbane ein har funne i myrene her og pollen som er funne i kjernar frå torvmyrer.

Innsjøen og det omliggande området har lidd under omfattande avskoging og plantasjar med framande artar.

Innsjøen og det omliggande område er eit populært fritidsområde. Den vesle landsbyen Kinloch Rannoch ligg ved austenden av innsjøen og ein crannog (ei gammal kunstig øy).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]