Loch Sunart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn sørover Loch Sunart til Morvern

Loch Sunart (skotsk-gælisk Loch Shuaineart) er ein sea loch eller ein fjord på vestkysten av Skottland. Loch Sunart går vestover og grenser i nord til Laga-bukta og distriktet Sunart i Ardnamurchan og i sør til distriktet Morvern. Fjordarmen Loch Teacuis går søraustover i Morvern.

Med ei lengd på 31 km er han den lengste fjorden i regionen Highland. Den største djupna er 124 meter aust for Càrna ved innløpet til Loch Teacuis. Andre øyar i fjorden er Oronsay, utanfor Càrna, Risga, som ligg mellom dei to større øyane og Eilean Mòr, som ligg lenger inne i fjorden ovanfor Beinn Resipol.

Ein stor del av fjorden vert nytta til fiskeoppdrett, opphavleg berre laks, men etter kvart eit større mangfald av fiskeartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°42′0″ N 5°45′25″ W