Loch Torridon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Torridon sett frå landsbyen Torridon

Loch Torridon (skotsk-gælisk Loch Thoirbheartan) er ein sea loch eller ein fjord på vestkysten av Skottland i Northwest Highlands. Landsbyen Torridon ligg inst i fjorden omgjeve av dei flotte Torridon Hills.

Fjorden er 25 km lang. I nord ligg landsbyane Redpoint, Diabeg, Wester Alligin og Alligin Shuas. På sørsida ligg Shieldaig.

Det vert fiska etter reker og skaldyr i Loch Torridon og her finst fleire anlegg for lakseoppdrett og blåskjel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°35′N 5°46′W