Loch Venachar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Venachar
Loch Venachar - Tidleg om morgonen
Tidleg om morgonen
Stad Stirling i Skottland
Koordinatar 56°13′N 4°19′WKoordinatar: 56°13′N 4°19′W
Tilsig Black Water
Tilknytte land Storbritannia
Største lengde 6 km
Største djupne 33 m
Høgd over havet 82 moh

Loch Venachar (skotsk-gælisk Loch Bheannchair) er ein innsjø i Stirling i Skottland, mellom Callander og Brig o' Turk. Han ligg om lag 82 meter over havet og er 6 km lang. Den største djupna er om lag 33 meter.

Black Water renn frå Loch Achray og ut i vestenden av Loch Venachar og i aust renn Eas Gobhain frå vatnet til River Leny ved Callander der dei dannar River Teith.

Sørsida av innsjøen er skogkledd med mange skogsstiar. Nokre av dei fører over åsane til Lake of Menteith og nokre vestover langs innsjøen til Loch Achray og Trossachs.

Invertrossachs House, som vart vitja av dronning Victoria i 1869, ligg òg på sørsida.

Det finst mykje aure og gjedde i innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Loch Venachar