Loch an Eilein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch an Eilein
Loch an Eilein - Loch an Eilein Castle
Loch an Eilein Castle
Stad Badenoch and Strathspey i Skottland
Koordinatar 57°9′15″ N 3°49′42″ WKoordinatar: 57°9′15″ N 3°49′42″ W
Type innsjø loch
Utsig Milton Burn
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Loch an Eilein er ein liten innsjø ved Rothiemurchus om lag 5 km sør for Aviemore i Skottland. Namnet Loch an Eilein kjem frå det gæliske «øy-innsjøen».

Seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet vart innsjøen hovudsakleg nytta til to ting. Ved breidda av innsjøen låg det ein kalksteinsomn der kalkstein vart henta frå ei fjellside oppfor innsjøen. I tillegg nytta tømmerhoggarar elva ved innsjøen til å fløyte tømmer til sagbruk lenger nede i elva. Rob Roy og andre kvegtjuvar nytta innsjøen, og eine sida av innsjøen heiter 'Robbers Way'. Det ligg berre tre hus ved breidda av vatnet i dag og desse vert no nytta av skogsvesenet.

Midt i innsjøen står ruinane av ei borg. Borga høyrte ein gong til Wolf of Badenoch som døydde kring starten på 1400-talet. Jakobittane, som trekte seg attende frå Cromdale i 1690, omleira borga. På denne tida var borga knytt til land via ei vegfylling. Vegfyllinga forsvann då vassnivået i innsjøen vart heva på 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]