Lochindorb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lochindorb | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Strathspey i Skottland |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilknytte land | |
| Øyar | Lochindorb Castle |
Lochindorb (skotsk-gælisk Loch nan Doirb) er ein innsjø nord for Grantown on Spey i Highland i Skottland. På ei øy i innsjøen står Lochindorb Castle, som tidlegare høyrte til Clan Comyn. Innsjøen er ein populær stad for fiskarar og fuglekikkarar, som mellom anna kjem for å sjå den lokale storlomen og grågjessene. Søraust for innsjøen ligg ein liten barskog og i denne skogen ligg Lochindorb-hytta.
Borga [endre]
Borga vart først nemnd under sjølvstendekrigane då Sir John ('the Black') Comyn døydde der i 1300. I 1455 var borga eigd av Archibald Douglas, jarl av Moray, og året etter vart Douglas slått og døydde ved Arkinholm. Kongen tok då over Lochindorb og gav ordre om å rive ho ned. Sidan den gong har berre ruinane stått att.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Site Record for Lochindorb Castle, Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Scotland, http://canmore.rcahms.gov.uk/en/site/15463/
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lochindorb» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.