Lochinvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°08′34″N 4°06′21″W Lochinvar (eller Lan Var) er ein innsjø i Skottland som no er eit reservoar. Han ligg i åsane i Dumfries and Galloway nordaust for St. John's Town of Dalry. Han vert drenert av Lochinvar Burn, som renn sørover til Water of Ken. Ruinane av ei borg, som tidlegare låg på ei øy her, ligg no under vatn i innsjøen. Øya vart lagt under vatn då vassnivået i innsjøen vart heva for å nytte vatnet som drikkevasskjelde seint i 1970-åra.

Namnet Lochinvar er skotsk-gælisk, Loch an barr og tyder «innsjøen på åstoppen».

Staden har gjeve namn til fleire aristokratiske titlar, som Baron of Lochinvar, Laird of Lochinvar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]