Lockerbie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lockerbie

skotsk-gælisk Locarbaidh
Lockerbie from above.jpg
Plassering
Lockerbie is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Dumfries and Galloway
Tradisjonelt grevskap Dumfries
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

4 009
Koordinatar 55°7′″N 3°21′″WKoordinatar: 55°7′″N 3°21′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DG11
Telefon-retningsnummer 0 1576
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lockerbie

Lockerbie er ein by i regionen Dumfries and Galloway i det sørvestlege Skottland. Han har kring 4000 innbyggjarar. Han er mest kjent som åstad for Lockerbie-saka, der restane av eit passasjerfly styrta der i desember 1988 etter ein terroristbombe ombord på flyet.

Den dominerande bygningen i byen er rådhuset, som er eit godt døme på skotsk baronistil. Han er bygd i lokal raud sandstein. Ved sida av står eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.

Byen har, for storleiken sin, eit godt utvikla transportnett. Han ligg ved vegen A47, og har ein jernbanestasjon. Den lokale økonomien var lenge avhengig av handel med stor- og småfe, noko nærleiken til grensa til England gjorde lukrativt. Det blir enno halde saueauksjonar i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]