Lockheed U-2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit U-2 i lufta
Eit U-2 under eit flystemne. Ein kan sjå det store vingespennet.

Lockheed U-2 er eit amerikansk spionfly. Flytypen vart utvikla på 1950-talet av selskapet Lockheed Corporation. Flyet er utstyrt med ein jetmotor og eit mannskap på 1.

U-2 flaug første gong over sovjetisk luftrom den 4. juli 1956. Ein trudde at om ein flaug høgare oppe enn 50 000 fot, så kunne ikkje sovjetiske jagarfly nå opp til flyet og skyte det ned. I byrjinga var dette riktig, men 1. mai 1960 starta den amerikanske piloten Gary Powers frå flybasen i Peshawar i Pakistan. Han skulle fly over sovjetisk luftrom til Bodø hovedflystasjon ved Bodø. Det var under dette toktet at flyet for fyrste gong vart sett under åtak av sovjetisk luftvern. Flyet vart skote ned nær byen Sverdlovsk. Regjeringa i USA prøvde i byrjinga å bortforklare hendinga med at det hadde vore eit vérobservasjonsfly som hadde floge feil. Flygaren Gary Powers valde derimot å fortelje sanninga om oppdraget, noko som førde til ei internasjonal skandale.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lockheed U-2