Locomotive Breath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Locomotive Breath
Singel av Jethro Tull
frå albumet Aqualung
A-side «Hymn 43»
Utgjeve 1971
Innspelt desember 1970 - februar 1971 i Island Studios i London
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 4:23
Selskap Reprise (original US) Chrysalis/Capitol (nyutgjeving US)
Låtskrivar(ar) Ian Anderson
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi
«Life is a Long Song»
(1970)
Locomotive Breath «Living in the Past»
(1973)

«Locomotive Breath» er ein song av det engelske rockebandet Jethro Tull frå albumet deira Aqualung i 1971. Han er kjend for den lange bluesaktige pianointroen og fløytesoloen til Ian Anderson. Teksten nyttar biletet av ein truande og uunngåeleg togkræsj på livet til ein mann som er i ferd med å falle i saman. Songen vert ofte spelt på classic rock-radio.

Han vart spelt inn av Rabbitt i 1975 på albumet Boys Will Be Boys, av W.A.S.P. på deira The Headless Children i 1989, Styx i 2005 på deira Big Bang Theory og Helloween i 1999 på deira Metal Jukebox. Eit svensk rockeband er kalla opp etter songen. '

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

«Locomotive Breath» vart spelt inn på ein heller uvanleg måte for si tid. Heile stykket vart sett saman av forskjellige opptak og dei fleste delane av songen vart spelte inn separat. Ian Anderson spelte inn fløyte og vokal i tillegg til enkle trommer, akustisk gitar og elektrisk gitar. John Evan spelte så inn pianoet, Clive Bunker spelte inn resten av trommene og Martin Barre gjorde ferdig den elektriske gitaren. Alle innspelingane vart så lagt oppå kvarandre fordi Anderson syns det var vanskeleg å kommunisere dei musikalske ideane sine om songen til dei andre i bandet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Locomotive Breath finst på mange andre album:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]