Lodève
| Lodève | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Hérault |
||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
23,17 km² |
||
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
6 900 297/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 165 m | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Diverse anna | |||
| Postnummer | 34700 | ||
Lodève er ein liten mellomalderby og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Hérault i regionen Languedoc-Roussillon, og har om lag 7 000 innbyggjarar.
Geografi [endre]
Lodève ligg der slettene stig opp mot Larzac-platået, 54 km frå Montpellier, i dalen til elva Lergue. Han er omgjeve av grøne åsar og vingardar, og ligg berre 8 km frå den store kunstige innsjøen Salagousjøen.
Historie [endre]
Lodève vart grunnlagd som hovudstad for ei stamme kalla Lutevani, før han vart ein romersk by under namnet Luteva. Byen var stoppestad for dei mange pilegrimane som skulle til Santiago de Compostela via Arles-vegen. Byen var eit bispesete fram til den franske revolusjonen, og var òg eit senter for tekstilproduksjon under Louis XV, og heimstad til ein av berre to kongelege veggteppeveveri. Den andre var gobelinfabrikken i Paris.