Lodi i Italia
| Lodi | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Piazza della Vittoria i Lodi | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Region Provins |
Lombardia Lodi |
||||
| Borgarmeister | Lorenzo Guerini | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
41 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
42 707 985/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 87 m | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 26900 | ||||
| Telefon-retningsnummer | 0371 | ||||
| Nettstad: www.comune.lodi.it | |||||
Lodi er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lodi i regionen Lombardia og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre sida av elva Adda.
Historie [endre]
Byen var ein keltisk landsby før romarane kom til området. Romarane kalla staden Laus Pompeia (truleg til ære for konsul Gnaeus Pompeius Strabo). Han var ein viktig stad sidan to romarvegar møtte kvarandre her.
Han vart eit bispesete og den første biskopen St. Bassianus (San Bassiano), (319-409), er vernehelgenen til byen. Byen vart ein fri kommune rundt år 1000 og stod lenge imot Milano som øydela byen 24. april 1158. Fredrik Barbarossa bygde byen opp att der byen ligg i dag.
Frå 1220 byrja innbyggjarane å lage kanalar til å gje vatn til den omliggande landsbygda og dette gjorde tørre område om til eit av dei viktigaste jordbruksområda i regionen, noko det er sjølv i dag. Lodi vart etter kvart styrt av Visconti-familien, som bygde ei borg i byen.
I 1423 gav motpave Johan XXIII ut sin bolla frå Lodi der han kalla saman til rådet i Konstanz (slutten av Det store skisma). I 1454 møttes representantar frå alle regionar i Italia i Lodi for å signere avtalen kalla freden i Lodi, der planen var å arbeide mot eit samla Italia, men freden varte berre i 40 år. Byen vart så styrt av Sforza-familien, Frankrike, Spania og Austerrike. I 1786 vart han den hovudstad i ein provins med same namn som inkluderte Crema.
10. mai 1796 stod slaget ved Lodi, som var det første viktige slaget Napoleon Bonaparte vann. Han slo austerrikarane i ved Adda og gjekk seinare mot Milano. Dette er årsaka til at ein i mange byar i Frankrike finn gater som er tileigna den kjende brua (t.d. i Paris der ein finn gata Rue du Pont de Lodi).
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lodi, Italy frå Engelsk Wikipedia .