Lodovico Ferrari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lodovico Ferrari (2. februar 15225. oktober 1565) var ein italiensk matematikar.

Han byrja karrieren sin som tenaren til Girolamo Cardano. Han var særs intelligent, så Cardano byrja å undervise han i matematikk. Ferrari hjelpte Cardano å finne løysingar på andregradslikningar og tredjegradslikningar, og den løysinga Cardano publiserte for fjerdegradslikningar var i stor grad hans forteneste. Medan han stadig var i tenåra fekk han ein prestisjetung undervisningsstilling etter at Cardano trekte seg tilbake og tilrådde han. Ferrari sjølv trekte seg tilbake frå denne stillinga i ein alder av 42 år, og han hadde då rukke å bli ganske velståande. Han flytta tilbake til heimbyen, og her fekk han eit professorat i matematikk i 1565. Like etter døydde han av forgifting. Visstnok skal hans eiga syster ha forgifta han med arsenikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • O'Connor, John J., og Edmund F. Robertson. «Lodovico Ferrari». MacTutor History of Mathematics archive

Kjelder[endre | endre wikiteksten]