Lodve Solholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lodve Solholm

Fødd14. mars 1949 (75 år)
Vestnes
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, embetsmann
Alle verv

Lodve Solholm (fødd 14. mars 1949 på Vestnes) er ein norsk politikar for FrP, og fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2009 til 2018.

Solholm tok lærarskuleeksamen i 1972 og tok statsvitskap grunnfag ved Høgskolen i Molde i 1995.

Han var etatsjef for opplæring, kyrkje og kultur i Ørskog kommune 1995-1997 (permisjon frå 1997).

Han vart innvald på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1989. Han var president i Lagtinget i perioden 2001-2005. Som stortingsrepresentant var han medlem i Løvebakken mållag. Solholm vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, han tok over embetet Ottar Befring då stortingsperioden gjekk ut. Solholm er styreleiar i Nynorsk kultursentrum og var styreleiar i Allkunne AS 2014-2016.[1]

Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kommunalpolitisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lodve Solholm» i Allkunne, innhenta 15. september 2021.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]