Lofotposten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lofotposten er ei dagsavis som kjem ut i Svolvær. Avisa har ein redaksjon på Leknes og dekkjer i dag i hovudsak Lofoten. Marianne Steffensen Kielland er redaktør for avisa.

Avisa vart grunnlagt i 1896 av Joh. E. Paulsen og overtatt av a-pressa i 1995. Avisa fekk innsett ein NS-redaktør under krigen og kom ut gjennom heile krigstida. Avisa hadde stordomstida si på 50-talet med eit opplag på over 50 000 og dekte heile Nord-Noreg. Avisa spreidde seg over heile landsdelen mellom anna fordi fiskarane som var på lofotfiske hadde med seg avisa heim. I nyare tid har avisa fått konkurranse i heimemarknaden sin frå Lofot TidendeLeknes og har tapt marknadsdelar i Vesterålen til Bladet Vesterålen og Vesterålens Avis.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 9 455
2001 9 162
2002 8 726
2003 8 208
2004 7 871
2005 7 662
2006 7 429
2007 7 330
2008 7 133
2009 6 872
2010 6 512
2014 5 243

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]