Lofsöngur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minneplater sett opp på det huset i Skottland der nasjonalsongen blei skriven. Platene blei sett opp i 1974 ved inngangsdøra på London Street 15 i Edinburg med islandsk og engelsk tekst. Teksten på kvart språk samsvarar ikkje, og har faktafeil.

Lofsöngur (islandsk for lovsong/hymne) er ei salme av Matthías Jochumsson tonesett av Sveinbjörn Sveinbjörnsson til feiringa av tusenårsjubileet for innvandringa til Island i 1874. Melodien blei framført av eit blandakor ved ei høgtidsmesse i domkyrkja i Reykjavík klokka 10.30 søndagen 2. august 1874 som Lofsöngur í minningu Íslands þúsund ára (lovsong til minne om Islands tusen år). Kong Kristian IX av Danmark (og dermed Island) var til stades.

Songen oppnådde i kjølvatnet av dette å bli populær blant vanlege folk som nasjonalsong, og var brukt som dette da Island fekk sjølvstyre frå Danmark i 1918. Statusen som nasjonalsong på Island blei stadfesta i Alltinget 8. mars 1983, i lög um þjóðsöng Íslendinga [1] (lov om nasjonalsongen til islendingane) som tok til å gjelde 25. mars same år. Tidlegare var visa Eldgamla Ísafold av Bjarni Thorarensen til melodien God Save the Queen ofte sungi som ein slags nasjonalsong, men det høva seg ikkje å nytte same melodi som nasjonalsongane til andre land.

Songen blir til kvardags kalla Ó, Guð vors lands, som er første songline, og er au nytta som namnet i lova om nasjonalsong, men er da skrive utan komma.

Songen[endre | endre wikiteksten]

Lofsöngur har tre vers, det er vanleg å berre synge det fyrste i mindre høgtidlege samanhengar.

1. vers[endre | endre wikiteksten]


:Ó, guð vors lands! Ó, lands vors guð!
Vér lofum þitt heilaga, heilaga nafn!
Úr sólkerfum himnanna hnýta þér krans
þínir herskarar, tímanna safn.
Fyrir þér er einn dagur sem þúsund ár
og þúsund ár dagur, ei meir:
eitt eilífðar smáblóm með titrandi tár,
sem tilbiður guð sinn og deyr.
Íslands þúsund ár,
Íslands þúsund ár,
eitt eilífðar smáblóm með titrandi tár,
sem tilbiður guð sinn og deyr.

2. vers[endre | endre wikiteksten]

Ó, guð, ó, guð! Vér föllum fram
og fórnum þér brennandi, brennandi sál,
guð faðir, vor drottinn frá kyni til kyns,
og vér kvökum vort helgasta mál.
Vér kvökum og þökkum í þúsund ár,
því þú ert vort einasta skjól.
Vér kvökum og þökkum með titrandi tár,
því þú tilbjóst vort forlagahjól.
Íslands þúsund ár
Íslands þúsund ár
voru morgunsins húmköldu, hrynjandi tár,
sem hitna við skínandi sól.

3. vers[endre | endre wikiteksten]

Ó, guð vors lands! Ó, lands vors guð!
Vér lifum sem blaktandi, blaktandi strá.
Vér deyjum, ef þú ert ei ljós það og líf,
sem að lyftir oss duftinu frá.
Ó, vert þú hvern morgun vort ljúfasta líf,
vor leiðtogi í daganna þraut
og á kvöldin vor himneska hvíld og vor hlíf
og vor hertogi á þjóðlífsins braut.
Íslands þúsund ár
Íslands þúsund ár
verði gróandi þjóðlíf með þverrandi tár,
sem þroskast á guðsríkis braut.
Norsk omsetting av fyrste vers, av Hans Hylen
Å Gud, vårt lands, vårt heimlands Gud,
me lovar ditt heilage, heilage namn.
Sjå, himmel-herskarar deg knyter ein krans
av soler og legg i din famn.
Fyre deg er ein dag liksom tusund år,
årtusund som dagetal er,
ein æveleg småblom med titrande tår
som bed til sin Herre og fer.
Islands tusund år,
Islands tusund år,
ein æveleg småblom med titrande tår'
som bed til sin Herre og fer.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lofsöngur