Logikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Logikk er læra om lovene og reglane som gjer tenkninga, resonneringa og argumentasjonen gyldig («logisk»).

Den klassiske logikken går tilbake til Aristoteles si syllogismelære. Heilt siden den gong har logikken vore ein av filosofien sine hovuddisiplinar.

Den moderne logikken kan sporast tilbake til 1800-talet. Det var på denne tida at bl.a. George Boole, Augustus De Morgan og Gottlob Frege gjorde dei første forsøka på gi logikken ei matematisk fremstilling (sjå boolsk algebra og formal logikk). Den moderne logikken si mest grunnleggande grein er setningslogikken. Andre greiner er predikat-, klasse- og relasjonslogikk.

I løpet av 1900-tallet blei logikken utvida vidare til å gi rom for usikkerheit og sannsyn. Resultatet var utviklinga av bl.a. fleirverdi-, fuzzy- og kvantelogikk.

[endre] Sjå også