Lohengrin sjokolade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lohengrin sjokolade, innpakka og utpakka. (Foto: Kjetil Lenes)

Lohengrin sjokolade blei fyrste gong lagt fram for sal i Nationaltheatret i 1911, i samband med ei framsyning av Wagner-operaen Lohengrin. Sjokoladen blir laga av A/S Freia og fabrikken hadde dette året fått ein avtale om einesal av sjokolade i teateret. Han kom ikkje i sal i butikkane før eit par år etter.

Sjokoladen syner to stiliserte roser i jugendstil . Han blei formgjeven av arkitekten Henrik Bull, som óg hadde teikna Nationaltheatret. Sjokoladen ser noko enklare ut i dag enn den gong. Han er av mørk sjokolade med eit fyll av romkrem.

Kjelde[endre]