Loksodrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loxodrome-1.gif
Loxodrome-2.gif
Loxodrome-3.gif
Tre figuarar som viser ein pol-til-pol loksodrom

Ein loksodrom (av gresk loxos, «skeiv», og dromos, «løp») er i matematikken ei linje som vert trekt på ein sfæroid flate slik at han skjer alle meridianar med same vinkel. Han har form som ein spiral som gjennom eit uendeleg tal på vridingar nærmar seg polane utan nokon gong å treffe dei.

Portugisaren Pedro Nunes var den første som undersøkte loksodromane sine eigenskapar, men det var først etter at differensialrekninga vart utvikla at loksodromen vart underkasta ei meir utførleg handsaming av Jacques Bernoulli og Maclaurin.

Innanfor navigasjon spelar loksodromen ei viktig rolle. Om eit skip seglar etter ein fast kurs, vil skipet skildre ein loksodrom på jordoverflata. Med såkalla loksodromiske tabellar kan då skipet sin posisjon til ei kvar tid avgjerast når ein kjenner den tilbakelagte distansen. På kart som er konstruert med merkatorprojeksjon er alle loksodromar rette linjer. Loksodromen vil vel å merke ikkje vere den kortaste avstanden mellom to punkt på jordoverflata. Særleg over lange avstandar vil loksodromen avvike mykje frå storsirkelen, som er den kortaste vegen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]