Lola av The Kinks
| Lola Singel av The Kinks frå albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One |
||
| B-side | «Berkeley Mews» (UK) «Mindless Child of Motherhood» (USA) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 12. juni 1970 | |
| Innspelt | April og mai 1970 i Morgan Studios, Willesden i London | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 4:03 | |
| Selskap | Pye 7N 17961 Reprise 0930 |
|
| Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
| Produsent | Ray Davies | |
| The Kinks-kronologi | ||
| Victoria (1969) |
Lola | Apeman (1970) |
«Lola» er ein song av The Kinks frå 1970 skriven av Ray Davies. Songen omhandlar eit romantisk møte mellom ein ung mann og ein transvestitt han møter i Soho i London.
Songen er ein av dei mest kjende til The Kinks og vart gjeven ut som singel frå albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og niandeplassen i USA. Songen er rangert på 422. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 400 største songane gjennom tidene.
Inspirasjon for songen [endre]
I boka The Kinks: The Official Biography fortel Ray Davies at han vart inspirert til å skrive songen etter at manageren deira Robert Wace hadde dansa med ein transvestitt på ein nattklubb. Seint i 1969 oppfordra far til Davies han om å yte litt ekstra for å få ein ny stor hitsingel etter ein lang periode utan hittar for bandet, og «Lola» vart resultatet. Davies og The Kinks brukte ekstra lang tid på å spele inn og utforme songen i Morgan Studios i London tidleg i 1970.
I sjølvbiografien sin hevdar Dave Davies at han skreiv musikken til det som vart «Lola». Etter at Dave hadde spelt musikken til broren, skreiv Ray teksten. Dave hevdar så at broren tok all æra for songen. Den opphavlege teksten hadde orda «Coca-Cola», men sidan BBC dermed ikkje ville spele songen på grunn av reklamen det gav, måtte dei endra teksten til «cherry cola» for singelen.[1]
Suksessen singelen hadde fekk konsekvensar for bandet på eit kritisk tidspunkt i karrieren deira. Dei kunne no forhandle ein ny kontrakt med RCA Records, bygge sitt eige London Studio og ta kreativ kontroll over karrieren sin. «Lola» vart ein særs populær konsertsong for bandet.
Andre utgåver [endre]
Av artistar som har spelt songen finn Don Fardon i 1974, The Raincoats i 1979, Andy Taylor (frå Duran Duran) i 1990, Bad Manners i 1993, Dana Baitz, Madness i 2005, Jan Rot, Robbie Williams, McFly og Travis i 2008
I 1981 spelte «Weird Al» Yankovic ein parodiversjon av songen kalla «Yoda», ein karakter frå Star Wars.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lola (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Kinks. Lola vs Powerman and the Moneygoround: Part One. Reprise, 1970.
- ↑ «Banning songs not a rare occurrence for the BBC», New Zealand Herald, 19. desember 2007
|
|
|
|---|---|
| Ray Davies · Dave Davies · Mick Avory John Dalton · Gordon Edwards · Ian Gibbons · John Gosling · Bob Henrit · Andy Pyle · Pete Quaife · Jim Rodford |
|
| Studioalbum | Kinks · Kinda Kinks · The Kink Kontroversy · Face to Face · Something Else by the Kinks · The Kinks Are the Village Green Preservation Society · Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) · Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One · Muswell Hillbillies · Everybody's in Show-Biz · Preservation: Act 1 · Preservation: Act 2 · Soap Opera · Schoolboys in Disgrace · Sleepwalker · Misfits · Low Budget · Give the People What They Want · State of Confusion · Word of Mouth · Think Visual · UK Jive · Phobia |
| Konsertalbum | Live at Kelvin Hall · One for the Road · Live: The Road · To the Bone |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |