Lom stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lom stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lom
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Sokn Lom sokn
Fellesråd Lom kommune
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Kart
Lom stavkyrkje
61°50′23″N 8°33′58″E / 61.8398°N 8.56607°E / 61.8398; 8.56607
Wikimedia Commons: Lom stavkirke

Lom stavkyrkje ligg i Lom i Innlandet. Kyrkja, som er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg, er truleg bygd sist i 1150-åra. Under restaureringsarbeid av kyrkja i 1970-åra vart det gjort omfattande utgravingar. Det vart funne mellom anna pilegrimsmerke, runestavar og pergamentdokument.

Interiør frå stavkyrkja
Foto: Axel Lindahl, 1880-åra

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Interiørbilete sett mot koret
Foto: Micha L. Rieser

Lom stavkyrkje er av typa med delvis frittståande stavar rundt eit opphøgd midtrom med omgang på alle fire sider, og med eit smalare kor som opphavleg var rett avslutta. Koret ser ut til å vere ei seinare tilføying til skipet. Enda seinare i mellomalderen vart ein apside bygd til. I eldre tid var det svalgangar rundt heile kyrkja, som i Borgund stavkyrkje. Skipets indre stavreising var til byrjinga berre avstiva med bogekne, som saman med stavanes kapitel skapte eit uttrykk som minna om arkadeveggen i ein basilika av stein. Seinare vart det, kanskje som fylgje av byrjande svikt i konstruksjonen, sett inn tenger i to høgder og avstivande andreaskors i felta mellom tenger og stavar.

Ombyggingar og restaureringar[endre | endre wikiteksten]

Kor og altar, i taket kan ein sjå delar av takmåleria i kyrkja.
Foto: Micha L. Rieser
Preikestolen med himmel over.
Foto: Micha L. Rieser

I 1600-åra fekk kyrkja store forandringar, som gav den det utsjåande den har behalde sidan. I 1634 vart skipet utvida vestover med eit lafta tilbygg med galleri. I 1664 trongst det enda meir plass, og difor vart tverrskipet av bindingsverk tilbygd på begge langsider. Byggmeisteren var den kjente kyrkje- og tårnbyggjaren Werner Olsen Skurdal, som opphavleg kom frå Nes på Hedemarken og gjekk under tilnamnet «meister». Han oppførte også Vågå kyrkje. Samtidig føreslo han oppføringa av sakristiet på nordsida av koret. Desse forandringane gjorde det nødvendig å rive svalgangane, og da vart det samtidig mogleg å setje inn større vindauge. Omtrent samtidig fekk skipet flat himling, men den vart fjerna under ein restaurering i 1933. I 1973 byrja ein istandsetjing som også tok sikte på å forbetre varmeisolasjonen. Behovet for isolering mot grunnen gjorde at ein full arkeologisk utgravinga måtte gjennomførast. Utgravingane brakte for dagen ein stor mengde lausfunn, blant anna meir enn 2000 myntar, som delvis må vere lagt ned med hensikt. Under golvet var det også talrike graver frå 1600- og 1700-åra, og restar etter eldre gravleggingar.

Arkeologiske funn[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske undersøkingar vart gjennomført i 1973 i samband med reparasjon av golvet. Under tilbyggingane frå 1600-åra var det nok med å fjerne masse, som hadde vorte avsett på det gamle kyrkjegardsterrenget etter at tilbygga var reiste. Ved utgravningane vart det påvist graver som var eldre enn den noverande kyrkja og den eldre bygningen. Gravene i midtgangen på skipet er gravne ned frå eit fast ureint sandlag som har danna terreng da kyrkja vart bygd. Nokre av gravene vart berørt under seinare graving av stolpegroper. Under utgravingane vart det påvist at det har stått eit kyrkjebygg på same stad tidlegare.

Det viktigaste funnet var stolpehol og andre spor etter ein eldre bygning som har målt ca. 9,5 x 5,2 meter. Stolpane har hatt firkanta tverrsnitt. Mellomstolpar fanst berre i tre vegger, mens den austre veggen kan ha vore open. Funna har vorte tolka som spora etter ei stolpekyrkje, sannsynlegvis med eit smalare kor mot aust.[1] Inne i det rektangulære rommet har det stått indre stolpar i to parallelle rekker ca. 1 meter innanfor langveggene. Eit par graver under kyrkja må vere eldre enn stolpebygget, og sidan begge er orientert etter kristen skikk, er dei tolka som kristne graver. Om stolpebygget er reist på ein kristen gravplass, har det mest sannsynleg vore ei stolpekyrkje.

Under arkeologiske utgravingar sumaren 1973 vart det også funne 2270 myntar under golvet i kyrkja. Dette er det største mengda myntar som er funne i ei kyrkje i Noreg. Det vart også funne eit runebrev med teksten: «Håvard sender Gudny Guds helsing og sin venskap. Og no er det min fulle vilje å be om di hand, dersom du ikkje vil vere med Kolbein. Tenk over dine ekteskapsplanar og lat meg få vite din vilje.» Under ei tidlegare restaurering vart det også funne gamle myntar, både norske og utanlandske, nokre så gamle som frå 1000-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnell, Steinar (2009): De første kirkene i Norge. Kirkebyggingen og kirkebyggere før 1100-tallet. Masteroppgåve i arkeologi Institutt for arkeologi, konservering og historie. Universitetet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]