Lombok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Topografisk kart over Lombok
Kart over Indonesia. Lombok markert med raudt

Lombok er ei øy i provinsen Vest-Nusa Tenggara i Indonesia. Ho hadde i 2005 eit folketal på 2 950 105. Øya er ei av dei mindre Sundaøyane. Mot vest er ho av Lomboksundet skild frå Bali, mot aust skil Alassundet ho frå Sumbawa. Sett frå lufta er øya ganske rundvoren (om lag 70 km tvers over), med ein utstikkar mot sørvest. Ho dekker ei flatevidd på 4 725 km². Største byen på øya er Mataram, som og er provinshovudstad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldste kjende styret på Lombok var eit kongedømme kalla Selaparang. Det var ei tid delt mellom tre brør, grunna uavklart arvefylgje splitta kongedømmet seg opp i hovdingdømme.

Dei fyrste europearane som kom til Lombok var nederlendarar. Dei kom i 1674 og slo seg noko seinare ned heilt i aust på øya. Den vestlege halvdelen av øya kom på 1700-talet under eit hindu-dynasti med sete på Bali. Forbitra over styringa til herskarane frå Bali, gjorde sasakane opprør i 1891 og fekk støtte frå nederlendarane. Opprøret enda med at kolonien Nederlandsk Aust-India i 1894 annekterte heile øya. Japan okkuperte øya under 2. verdskrigen, 1942-45.

Lombok kom med i Indonesia frå staten vart erklært sjølvstendig 17. august 1945. Under dei politiske utrenskingane på 1960-talet vart kommunistar og kinesarar drepne. Også i år 2000 var det politisk uro, overgrepa gjekk ut over det kristne, kinesiske mindretalet.

Geografi og demografi[endre | endre wikiteksten]

Vulkanfjellet Rinjani

Lomboksundet er grense mellom faunaen i den indomalayiske økosonen, og den klart ulike faunaen i den australasiatiske sonen. Skiljet er kjent som Wallacelinja, etter Alfred Russel Wallace. Han var den fyrste naturforskaren som vart merksam på skiljet mellom desse to store biomes.

Øyas topografi er dominert av den 3 726 meter høge stratovulkanen Rinjani. Vulkanen ligg nord for midten av øya og er Indonesias tredje høgste fjell. Rinjani sitt siste utbrot kom i mai-juni 2009, det var eit lite utbrot frå Gunung Baru (=nyfjellet) med seigtflytande masse. Vulkanen med kratervatnet Segara Anak ligg i ein nasjonalpark oppretta i 1997.

Sørdelen av øya er eit grøderik sletteland der det vert dyrka mais, ris, kaffi, tobakk og bomull. Nesten overalt har ein tilstrekkeleg med nedbør til landbruk. Dessutan har ein, grunna det høge vulkanfjellet, ein stor variasjon i faktisk klima. Fylgjeleg har ein rikeleg og variert tilgang på matvarer.

85% av innbyggjarane høyrer til folkegruppa sasak. Ein reknar med at desse stammar frå folk som innvandra frå Java for mellom 1000 og 2000 år sidan. 10-15% av folket er balinesarar, attåt finst det små innslag av kinesarar, arabarar, javanesarar og sumbawanesarar. Etter som sasakane praktiserer islam på vanleg vis er synslinja i landskapet dominert av moskear og minaretar. Islamske tradisjonar og festdagar grip inn i folks daglegliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]