Lomsdal-Visten nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lomsdalen
Foto: Marius Nergård Pettersen
Vistkjerringa
Foto: Marius Nergård Pettersen

Koordinatar: 65°29′N 13°00′E

Lomdal-Visten nasjonalpark
Område Nordland
Oppretta 2009
Areal 000000000001102.00000000001 102 km²

Lomsdal-Visten nasjonalpark, sørsamisk namn Njaarken varjelimmiedajve, er ein nasjonalpark som omfattar land i kommunane Brønnøy, Grane, Vefsn og Vevelstad kommunar i Nordland fylke. Det verna området strekkjer seg frå Vesterfjella til Lomsdalen og Visten. Nasjonalparken vart oppretta i 2009.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med vernet av nasjonalparken er å ta vare eit stort, tilnærma urørt naturområde. Spesielt er det lagt vekt på geologiske førekomstar, herunder grotter og karstlandskap, og kulturminne knytt til landbruk og reindrift. Saman med eit landskapsvernområde i indre Visten skal nasjonalparken sikre eit variert kystlandskap frå fjord til fjell på Helgeland.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.

Turmål[endre | endre wikiteksten]

Området har ein rik kulturhistorie, og det ligg til rette for eit enkelt friluftsliv. Det inneheld nokre opne hytter og gammar, og nokre av farleiene er varda frå gammalt av.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]