Londinium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Historia til London
Bastion i bymuren

Londinium var det romerske namnet på London frå omkring år 47 til deira tilbaketrekking frå dei britiske øyane og slutten på Romersk Britannia400-talet.

Londinium vart grunnlagd som by etter at romarane hadde invadert Britannia i år 43. Arkeologar meiner at grunnlegginga fann stad kring år 50 eller noko før.

Namnet Londinium blir rekna å vere av førromersk og kanskje også førkeltisk opphav. Det er ikkje semje om kva det tyder, men det er store sjansar for at det har noko med elva å gjere.

Byen blei raskt eit viktig handelssentrum. I 61 blei byen plyndra av innfødde icenarar frå det som i dag er Norfolk, under leiing av dronninga Boadicea, men blei snart gjenreist under prokuratoren Gaius Suetonius Paulinus. Ved starten av 100-talet erstatta Londinium Colchester som hovudstad for provinsen Britannia. Folketalet hadde då nådd omkring 60 000. Romarane bygde ein basilika (ved det som i dag er Leadenhall Market), eit amfiteater (ved det som i dag er Guildhall), og ei bru nær det som i dag er London Bridge. I bymuren blei det bygd portar, og derfrå blei det laga vegar mot andre romerske byar som Camolodunum (Colchester) og Durovernum (Canterbury). Basilikaen blir rekna for å ha vore den største nord for Alpane.

Kart over London rundt år 400.

Byen var frå år 225 verna av ein mur som ein fortsett kan sjå delar av, blant anna langs gata London Wall. Muren var omkring tre kilometer lang, seks meter høg, 2,5 meter tjukk, og gjekk rundt byen på landsida. Mot elva var det opent, og rundt midten av 200-talet blei byen fleire gonger angripen av piratar. Dette førte til at ein omkring 255 starta å bygge ein mur også langs Themsen. Seks av dei sju tradisjonelle byportane er frå romersk tid: Newgate, Aldersgate, Cripplegate, Bishopsgate og Aldgate. Moorgate er unntaket; denne er frå mellomalderen.

400-talet starta var det vestlege romerske imperiet i forfall, og i 410 enda den romerske okkupasjonen av Britannia. Londinium tok til å forfalle, og innan år 500 hadde dei fleste innbyggarane flytta derifrå.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.