London Borough of Barking and Dagenham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barking and Dagenham er ein bydel i Stor-London. Den ligg i ytre London, i den nordaustlege delen av regionen. Som bydel utgjer den òg eit administrativt distrikt.

Bydelen blei oppretta i 1965 ved samanslåinga av Barking og Dagenham, som begge låg i Essex.

Dei fleste bustadområda i distriktet blei oppretta av grevskapforvaltinga til London i mellomkrigstida. Mange flytta frå slumtilstandar i East End, spesielt då nye fabrikkar sprang opp i distriktet. Industrien hadde nedgangstider i 1980-åra, og dette førte til at servicenæringar blei ein viktigare del av økonomien. Pr. 2006 hadde Barking og Dagenham dei lågaste bustadprisane i Stor-London.

Stader i Barking og Dagenham[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]