London Borough of Brent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brent er ein bydel i London. Den ligg i den nordvestlege delen av ytre London, og grensar til Harrow i nordvest, Barnet i nordaust, Camden i aust og Ealing, Hammersmith and Fulham, Kensington and Chelsea og City of Westminster i sør.

Bydelen blei oppretta i 1965 ved at krinsane Wembley og Willesden i Middlesex blei slått saman. Den har namn etter elva Brent, som renn gjennom distriktet.

Wembley Stadium og Wembley Arena ligg i Brent.

Ved folketelinga i 2001 var 46,53 % av innbyggjarane fødd utanfor Storbritannia; dette var den høgaste delen som blei registrert for eit distrikt.

Stader i Brent[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: London Borough of Brent