London bispedømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

London bispedømme blei oppretta som eit katolsk bispedømme i 604, og har sidan reformasjonen vore eit anglikansk bispedømme.

Det dekkjer 17 distrikt i London med eit areal på 458 km². Biskopen av London er ein av dei fem seniorbiskopane i Den engelske kyrkje, saman med Canterbury og York og biskopane av Durham og Winchester. Dei fem har i kraft av sitt embete sete i Overhuset.

Den første biskopen av London var St. Mellitus, som seinare blei erkebiskop av Canterbury. Den siste katolske biskopen, Edmund Bonner, døydde i Marshalseafengselet i 1559.

Fordi bispedømmet omfattar fleire kongelege palass og regjeringsbygningen i Westminster blir biskopen av London ofte rekna som «biskopen til monarkane». Historisk sett har han hatt tydeleg påverking på kongefamilien og leiande politikarar.

Katedralen for London bispedømme er St. Pauls katedral. Biskopen hadde residensen sin i Fulhampalasset inntil 1700-talet, men han blei så flytta til London House ved sida av kontoret til biskopen i Aldersgate Street.

I 1688, då det katolske hierarkiet i England blei oppretta på nytt, blei det oppretta eit apostolisk vikariat for distriktet London. Dette blei i 1850 heva til metropolitanerkebispedømme og fekk namnet Westminster erkebispedømme.

Biskopar av London[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]